Arild McClellan Steine er rådmann i Voss herad.
Rådmannen er den øvste administrative leiaren i heradet, med overordna ansvar for å leie og utvikle Voss herad og dei tilsette i heradet. Han har ansvar for at saker som vert lagde fram for politisk handsaming er forsvarleg utgreidde, og at vedtaka vert iverksett. Rådmannen rapporterer til formannskap/ordførar.
Heradet er organisert i fire kommunalavdelingar direkte underlagt rådmannen. Kvar avdeling er leia av ein kommunalsjef. 
 Dei fire kommunalavdelingane er
- Kommunalavdeling helse og omsorg
 
- Kommunalavdeling oppvekst
 
- Kommunalavdeling tekniske tenester
 
- Kommunalavdeling kultur og fritid
 
I tillegg har heradet ein eigen stab som er direkte underlagt rådmannen.
Staben er delt i tre, og kvar stab er leia av ein stabsjef:
- HR og innovasjon
 
- Strategi og styring
 
- Innbyggjarservice
 
Staben har ansvar for følgjande område:
- Strategisk personalutvikling - personalpolitikk - personaladministrasjon
 
- IKT: Drift, utvikling og brukarstøtte
 
- HMS: Helse, miljø og sikkerheit, koordinering av IA arbeid (inkluderande arbeidsliv)
 
- Koordinering av beredskapsarbeidet
 
- Miljøvern
 
- Opplæring/kompetanseutvikling
 
- Organisasjonsutvikling, overordna planlegging
 
- Økonomi, rekneskap, skatteinnkrevjing, fakturering og innkrevjing
 
- Innkjøp
 
- Arkiv 
 
- Resepsjon og sentralbord
 
- Politisk sekretariat
 
- Informasjon (internett og intranett)
 
Kommunalsjefane og stabsjefane utgjer rådmannen si leiargruppe. 
        
                                 
            
        
	Laster...